Beintøft - fjerde oppdrag
Tematimane på måndag blei brukte til å gjera fjerde og siste oppdrag i Beintøft-konkurransen.
Publisert: 21.09.2020 12:30 Sist endra: 21.09.2020 19:23 Forfattar: Kristina Smedegård
I dag har det vore regnskogstemning i klasserommet. Me har arbeidd med lyd frå regnskogen i bakgrunnen og med film frå regnskogen på skjermen. Elevane har arbeidd saman for å gjera ferdig mjølkekork-gorillaen som me starta på sist veke då me hadde om søppel og resirkulering (her klarte me å slå saman tredje og fjerde oppdrag til ei oppgåve). I tillegg har me mellom anna lese i Miljøagentane sitt blad, teikna og fortalt om fantasidyr frå regnskogen, samt snakka masse om kva som er viktig med regnskogen, kva dyr som bur der og kva som skjer med denne type skog i dag.