Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Gå til Google Classroom
Hengekøyeproduksjon

Sommaren kan berre koma, for nå kan me nyta ferie og sol i eigenprodusert hengekøye!

I alle fall dei fleste i 5.-7. klasse, men lærarutgåva halde ikkje testen med to elevar på ein gong! Hempene og køya skilde lag… Dermed var det berre å sy endå ein saum i kvar ende, og nå bør det halda.

Litt optimistiske var me nok, for seks symaskinar på 24 elevar, og lag på lag med stoff, vart ei utfordring. Nokre elevar var på sløyden for å laga opphengslista og dekorera ho med kolrosing, medan andre var på systova.

Etter kvart trongs det litt meir tid enn dei K&H-timane me hadde til rådvelde, og mange sydde ivrig og godt etter skuletid for å bli ferdige. Dei som vart fortast ferdige, vart gode medlærarar!

Me skulle nok hatt meir enn tre timar til å tre tau gjennom planke og hemper, men mange kom godt i gang med i alle fall ei side, og andre fortsette vidare med ein gong dei kom heim, og dokumenterte det med MMS til lærarane. Det er flott om me kan leggja ut alle 24 hengekøyene her etter kvart.

Ambisiøst prosjekt, meinte ein elev. Kanskje, og det kravde tolmod av nokon kvar, men underteikna meiner mange elevar har opplevd meistring, og dei har definitivt blitt flinkare til å sy. I tillegg vart det mykje fin dekor på opphengslistene.

Korleis tre hengekøya? Sjå punkt 9!

Main Image
Bilete 1 av 3