Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Gå til Google Classroom
SN-dagen 2021

I dag har Sinnes skule markert SN-dagen, med fokus på TV-aksjonen for i år: Barn, ikkje brud. 

Årets TV-aksjon går til Plan International Norge, som arbeider for å få slutt på barneekteskap. Elevane har lært at barneekteskap er når ein eller begge som giftar seg er under 18 år.

Kvart tredje sekund blir ei jente gifta bort, og det blir heile 12 millionar på eitt år! Ein stor grunn til at jenter giftar seg som barn, er på grunn av fattigdom. Når jenter giftar seg, må dei som oftast slutta på skulen, og dei får heller ikke skaffa seg jobb, så dei kan tena sine eigne pengar. Dette kan føra til meir fattigdom.

Dette vil Plan gjera noko med, og dei håpar å kunna hjelpa tre (3) millionar menneske med pengane som går til årets TV-aksjon. Me håpar òg at mange foreldre, besteforeldre, tanter, onklar, naboar og andre vil støtta saka, for på sundag skal fleire av elevane i ungdomsskulen vera bøsseberarar.

Om nokon lurer på noko som har med barneekteskap å gjera, så er iallfalll elevane på Sinnes skule ganske kunnskapsrike etter denne dagen! Dei veit òg noko om SN si historie og kva dei arbeider med i dag, og at 24. oktober er SN sin gebursdag. Gratulerer!

Sjekk gjerne ut https://blimed.no/ for meir informasjon om TV-aksjonen.

Main Image
Bilete 1 av 11