Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Gå til Google Classroom
Tur til Vitenfabrikken og Rogaland teater

Tysdag 7. desember drog heile skulen til byen for å sjå teaterstykket "Brødrene Løvehjerte". Samtidig nytta 1.-4. klasse anledningen til å besøka Vitenfabrikken i Sandnes.

På Vitenfabrikken var det mange kjekke og lærerike aktivitetar. Me starta med ein tur i planetariet der me fekk læra meir om galaksen vår og stjernehimmelen. Me fekk òg sjå ein kjekk teiknefilm om ein isbjørn og ein pingvin som utforskar polane og reiser ut i verdsrommet. Elevane syntest det var veldig spanande og hadde mange ting dei lurte på.

Under lunsjen var det mange som nytta sjansen til å leika astronautar framfor ein storskjerm, sjå på kjekke utstillingar eller sykla på den kjempelange sykkelen.

Etter lunsj var me på loftet og fant kombinasjonar og mønster med myntar. Kor mange ulike måtar kan du setja saman myntar og få 27 kroner på, var utfordringa? Det fant elevane ut. Og undervegs oppdaga dei eit mønster. Det kan de sjølv sjå på tavla som det er bilete av. Etterpå fekk dei prøva teiknemaskin, laga dominobane, laga kulebane og mange andre kjekke aktivitetar. 

Etter vitensenteret fekk me pizza og tid til å leika på leikeplassen utanfor Oljemuseet.

Til slutt såg me "Brødrene Løvehjerte" på teateret. Det var barne- og ungdomsteateret som tok oss med inn i Astrid Lindgren sitt spanande middelaldereventyr. innimellom var det nok litt skummelt for dei minste, så det var godt å ha ein klassekamerat eller lærar ved sida av seg. 

Nokre sovna på bussen på veg heim etter ein lang dag, men jammen var det mange som snakka og hadde det sosialt på veg heim òg. Me er så imponerte over kor kjekke elevar me hadde med oss på tur. Dei tok ansvar og viste omsorg for kvarandre. Heilt topp! Takk for fin tur!

Main Image
Bilete 1 av 31