Meny
1. og 2. klasse 1. klasse
1. og 2. klasse
3. og 4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
Fredag 19/2 var det ABEL-dag på Sinnes skule der elevane fekk prøvd seg på ulike matematikkoppgåver.

I dag eksperimenterte me med ei teneste på nettet der ein enkelt kan laga unike, små musikkstykke i musikktimen i 1.-4. klasse.

Inne på https://www.incredibox.com/demo/ kan elevane testa det heime.


Før jul laga 1. klasse julekort som dei sende til kongeparet. I dag fekk me eit fint takkebrev frå hoffet. Kjekt for elevane med helsing frå kongen og dronninga.

På torsdag var det strålande fint vêr, og det må jo sjølvsagt utnyttast! 

Første veka på skulen kom kuldegrader og godver. Då nytta 1.-4. klasse høvet til å ha aktivitetar på isen. Heldige oss lærarar som har så flinke og aktive elevar og elva med god is rett nedanfor skulen. 

Elevane hadde juleverkstad og laga tennbrikettar, havreflarn og juletrepynt. Graut til lunsj med mandel!