Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<desember 2023><<
desember 2023
mtotfls
27282930010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Gå til Google Classroom
Søknad om elevpermisjon

Etter opplæringslova §2-11 kan elevar etter søknad få innvilga permisjon for inntil to veker (10 skuledagar) utanom skuleferiar og skulefridagar. Dersom ein søknad overskrid dette, må eleven formelt skrivast ut av skulen for den tida som går over dei nemnde to vekene. For det tidsrommet utskriving frå skulen gjeld, må eleven halda seg til reglane om heimeundervisning (jfr. opplæringslova § 2-1, femte avsnitt, og § 2-13).

Søknad om permisjon skal grunngjevast skriftleg, og det må søkjast i god tid før det planlagde fråværet. Kontaktlærar kan godkjenne aleine for søknader som gjeld intil 3 skuledagar. For søknader som gjeld meir enn dette, må rektor gokjenne i tillegg til kontaktlærar.

Vilkåret for å innvilga ein permisjonssøknad er at det er forsvarleg å gje eleven fri frå opplæringa.

Vanlegvis viser skulen størst muleg velvilje når føresette søker om permisjon for borna sine. Men skulen oppmodar om at det ikkje blir søkt om permisjon utan at det er spesielle/naudsynte grunnar til søknaden. Skulen understrekar at eleven ikkje har rett til å få erstatta den undervisninga han mistar p.g.a. innvilga permisjon. Det er foreldra/dei føresette som påtek seg ansvaret for å gje elevane opplæring i perioden dei søker om permisjon.

Einingsleiar og kontaktlærar si fullmakt til å handsama permisjonssøknader går fram av opplæringslova § 2-11. Slike søknader skal handsamast som enkeltvedtak etter forvaltningslova. Det inneber at vedtaket kan påklagast innan tre veker.

For å søke permisjon for elevar, nyttar heimen VISMA Flyt skule.

Portalen er også tilgjengeleg som applikasjon: