Meny
Elevråd
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<desember 2023><<
desember 2023
mtotfls
27282930010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Elevrådet arrangerte karneval for heile skulen. Tema var figurane i Shrek. Her var mykje gøy kreativitet når det gjeld kostyme, og elevrådet hadde kjekke aktivitetar under karnevalet.

Måndag 7. februar fekk 1.-4. klasse besøk frå den kulturelle skulesekken. Filmen "Den røde ballongen" av Albert Lamorisse handlar om vennskapet mellom ein liten gut og ein magisk raud ballong, som følger guten gjennom gatene i Paris. Gutten løyser ein ballong som er festa til ein lyktestolpe og til naboen si overrasking følger ballongen etter guten.

Ein forunderleg og sanseleg Arthausfilm som me alle kan kjenna oss igjen i tematisk, om vennskap, og kva og kven me kan vera venner med. Ein film som får oss til å tenka på kva me kan bruka leiken og magien til når me treng han.

Filmen ble ein enorm publikumssuksess på 1950-talet og blir i dag rekna som ein av filmhistorien sine store klassikarar.

Elevane var særs engasjerte og me tok med oss ballongleiken i symjebassenget etterpå.