Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<september 2026><<
september 2026
mtotfls
31010203040506
07080910111213
14151617181920
21222324252627
28293001020304
05060708091011
Gå til Google Classroom
Plan for elevane sitt skulemiljø

Opplæringslova kapittel 12 handlar om elevane sitt skulemiljø, det vil seia i skuletida, i skulefritidsordninga og i leksehjelpa, jf. §12-1 
§12-2: "Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring"
§12-3: "Skolen skal ikkje godta krenkjande oppførsel, som til dømes mobbing, vald, diskriminering, og trakassering."
Dette inkluderer digital/skjult mobbing som òg skjer utanom skuletida, og som kan få verknad på skulekvardagen.
Det er den enkelte elev si subjektive oppleving av å bli krenka som er utgangspunktet for skulen si handtering av opplæringslova § 12.

Sirdal kommune legg vekt på:
•   at skulen, elevane og føresette samarbeider om det førebyggande og
    haldningsskapande arbeidet
•   at tydeleg leiing er ein føresetnad for å førebygga, avdekka og handtera krenkjande ord
    og handlingar. Dette inkluderer digital/skjult mobbing
•   at me arbeider kontinuerleg, langvarig og systematisk med elevane sitt skulemiljø
•   at alle tilsette ved skulen har ei aktivitetsplikt til å følgja med, gripa inn og  melda frå.
    Skulen har plikt til å undersøkja saka og eventuelt setja inn tiltak dersom dei får 
    kunnskap eller mistanke om at ein elev ikkje har det trygt og godt i skulemiljøet
•   at våre lokale tiltak og vår evne til kommunikasjon og samarbeid er avgjerande for 
    at arbeidet skal lukkast.

- Plan for elevane sitt skulemiljø, s. 1