Meny
FAU
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse

Måndag 7. februar fekk 1.-4. klasse besøk frå den kulturelle skulesekken. Filmen "Den røde ballongen" av Albert Lamorisse handlar om vennskapet mellom ein liten gut og ein magisk raud ballong, som følger guten gjennom gatene i Paris. Gutten løyser ein ballong som er festa til ein lyktestolpe og til naboen si overrasking følger ballongen etter guten.

Ein forunderleg og sanseleg Arthausfilm som me alle kan kjenna oss igjen i tematisk, om vennskap, og kva og kven me kan vera venner med. Ein film som får oss til å tenka på kva me kan bruka leiken og magien til når me treng han.

Filmen ble ein enorm publikumssuksess på 1950-talet og blir i dag rekna som ein av filmhistorien sine store klassikarar.

Elevane var særs engasjerte og me tok med oss ballongleiken i symjebassenget etterpå.


Føresette har hovudansvaret for barna si utvikling, og føresette har rett og plikt til medverknad i skulen. FAU skal bidra til å sikra reell medverknad frå føresette. FAU har vidare eit medansvar for at elevane sitt læringsmiljø er trygt og godt. FAU skal fremja fellesinteressene til føresette i skulen bidra til at føresette tek aktivt del i arbeidet for å skapa eit godt skulemiljø arbeida for eit godt samarbeid  mellom heim og skule.