Meny
Framside
1. og 2. klasse
3. og 4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
Gå til Google Classroom
Sinnes SMU

Skulemiljøutvalet skal arbeida for å auka deltakinga frå elevane, foreldra, skulen og dei tilsette i arbeidet med skulemiljøet. Elevar og foreldre skal vera i fleirtal i utvalet. Utvalet skal gje råd til skulen i arbeidet med skulemiljøet, men har ikkje rett til å gjera bindande vedtak. Skulemiljøutvalet kan òg be skulen setja inn tiltak for å betra det fysiske og det psykososiale miljøet på skulen. Alle grunnskular og vidaregåande skular har plikt til å ha eit skulemiljøutval. Elevar og foreldre har ein rett til å bli høyrde!

Du som elev eller forelder kan gjera ein forskjell!

I skulemiljøutvalet bør de sikra at elevar og foreldre får auka innverknad på skulekvardagen. Som representant i skulemiljø­utvalet blir det mogleg for deg som forelder å påverka dagen til sonen din eller dottera di. Som elev kan du vera med på å skapa din eigen kvardag. Utan tilbakemeldingar frå deg som er elev, er det vanskeleg for rektor og dei tilsette å gjera skulen best mogleg.

Du som forelder har rett til å bli

  • informert om rolla og oppgåvene til sulemiljøutvalet, slik at det blir mogleg for deg å påverka skulekvardagen til barnet ditt
  • få informasjon om alle tilhøva som har mykje å seia for skulemiljøet, som alvorlege valdsepisodar, dårlege sosiale tilhøve eller luftkvaliteten i klasserommet
  • uttala deg, koma med forslag og stemma i saker som gjeld skulemiljøet
  • delta i planlegginga og gjennomføringa av det systematiske arbeidet med helse, miljø og tryggleik ved skulen

Du som elev får rett til å

  • få informasjon, uttala deg, koma med forslag og stemma i saker om skulemiljøet
  • vera med når skulen lagar planar for helse, miljø og tryggleik på skulen
  • seia kva du meiner om det som kan gje eit godt miljø på skulen din
  • få vita kva skulemiljøutvalet er, og kva det gjer, slik at du kan medverka til at elevane får ein så god skulekvardag som mogleg
  • vera med på møta med skuleleiinga, der di stemme skal bli høyrd