Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Artikkel
Gå til Google Classroom
SFO på Sinnes skule

SFO (skulefritidsordninga) skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar alt etter alder, interesser og funksjonsnivå, og er open fire dagar i veka frå 06.45 - 08.40 og 14.20-16.00, samt på onsdagar frå 08.00-16.00. Ynskjer ein å nytta enkeltdagar, søkjer ein om det seinast tre dagar før, medan SFO i feriar og fridagar, må søkjast om minst tre veker på førehand i Visma flyt skule.

 

Torunn Moi er nytilsett i full stilling frå august 2021, og arbeider òg i skulen. I tillegg er Anne Marie Haug Olsen tilsett i 50% stilling.

Hausten 2021 vart det innført rammeplan for skulefritidsordninga, ei føreskrift med heimel i opplæringslova §13-7. Her legg ein vekt på eigenverdien til barndommen, tryggleik, omsorg og trivsel, mangfald og inkludering, skaparglede, engasjement og utferdstrong, demokrati og fellesskap og berekraftig utvikling. 

SFO arbeider mykje med forming av alle slag. Dei ønskjer at elevane skal få prøva seg med ulike materiale, gjerne gratismateriale, og teknikkar. Dei vel bevisst å begynna med enkle teknikkar i starten for å opparbeida sjølvtillit til eigne evner og følelse av meistring. Dette gjeld alt frå teikning, maling, handarbeid til anna kreativt arbeid. I tillegg blir det organisert spel, leikar og forskjellige aktivitetar.