Kva har morgonsamlinga og ballbingen på Sinnes til felles?
Det er stor aktivitet i ballbingen i kvart friminutt. Førsteklassingar spelar gjerne med tiandeklassingar - og omvendt. Store og små, jenter og gutar.
Kvar månad møtest alle til morgonsamling med fokus på barnerettar, menneskerettar og berekraftsmål sidan me er ein UNESCO-skule.
Nå kan dei to tinga kombinerast! Fredag 6. september helste einingsleiar skule på årets elevråd, og overleverte tre fotballar med berekraftsmål. I tillegg står måla på engelsk, så då blir det tre ting i eitt! Tusen takk, Anita!
Elevrådet bestemmer korleis ballane skal fordelast når dei har sitt første møte.