Meny
Framside
1. og 2. klasse
3. og 4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
Gå til Google Classroom
Kjemi på kjøkenet

Dobbel naturfagstime på fredagar gjev gode moglegheiter til eksperimentering på kjøkenet. Ja, for me er jo faktisk der no. Så kvifor ikkje raida hyllene og stifta nærare kjennskap med det som finst der?

Korleis kjennes maizenamjøl ut? Luktar det noko av natron? Har potetmjøl nokon smak? Lagar sukker lyd? Dette, og meire til, undra me oss på i dag. Me nytta òg elektromikroskop for å sjå nærare på dei ulike kvite stoffa.

"Nydeleg!". "Mjukt". "Honning". "Is". "Ja! Det er lyd." Eller "Nei. Det er ikkje lyd".

Slikte ting oppdaga me på vår reise inn i kjemien si verd i dag.

Main Image

Bilete 1 av 6