Meny
Framside
1. og 2. klasse
3. og 4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
Gå til Google Classroom
Landart/stadkunst i Nesetfossen

I læreplanen i kunst og handverk finn me eit kjerneelement som seier noko om at elevane skal utvikla nysgjerrigheit, kreativitet, mot, skaparglede, utholdenheit og evne til å løyse problem.

I det læreplanen omtalar som sentrale verdier heiter det òg at "kunst- og kulturuttrykk løfter fram nye perspektiv og har tyding for den enkelte si personlege utvikling."

Etter ein kort inspirasjonsseanse i gymsalen, tok me med heile mellomtrinnet til Nesetfossen for å laga "landart", eller på norsk stadkunst, på svaberga og i området rundt.

Tilgangen på materiale er jo avgrensa samanlikna med lågtliggande strok. Det er lite nøtter. Lite variasjon i materiale og på svaberga har jo òg siste istid skrapa med seg mesteparten av steinar. Likevel gjekk elevane i gang i grupper og idemyldra før dei sette i gang. Ja, nokon laga til og med til ein liten "piece" medan dei venta.

Som vanleg med kunst, er det opp til tilskodaren å tolka uttrykka. Difor vidareformidlar me ikkje her kva uttrykka symboliserer. Ta ein kikk på bileta, eller ta ein tur i fossen for å bivåne kreasjonane.

Main Image
Bilete 1 av 10