Meny
Framside
1. og 2. klasse
3. og 4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
Gå til Google Classroom
Markas grøde

Prosjektet me tok til på i 1. klasse, med 6 jordeple, utviklar seg stadig. I år fekk me ikkje anledning til å setja jordeplene saman. Men det viktigaste er trass alt å få hausta saman...og å få nyta resultatet saman etterkvart.

Etter fyrste økt med Passport tok me difor turen ut for å få lufta oss litt, og ta opp det som måtte skjula seg under det falne kålet etter gårsdagen frostnatt.

Som førre år la me ut jordeplene og dekka til med gamalt bås. I år var det etterlatenskapane som ikkje har vorte konverte til Blåneis me fekk nytta oss av. Takk til Åse Bente!

Nokre hadde forsynt ein musefamilie i løpet av sommaren, medan andre hadde gått med til å livnæra sniglar. Litt til dei, og litt til oss. Slik skal det vel helst også vera.

Main Image

Bilete 1 av 10