Meny
Framside
1. og 2. klasse
3. og 4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
Gå til Google Classroom
Uteskule fredag 2. oktober

I dag har 6. klasse hatt fire timar uteskule, i faga matematikk og mat og helse. 
Me har nyleg starta med emnet måling, og i dag fekk elevane prøva seg på sju ulike postar med varierte oppgåver knytt til dette emnet. Det var oppgåver knytt til både tid, volum, lengdemåling og areal. Elevane var svært aktive, og matematikksamtalane gjekk i begge gruppene for å koma fram til dei beste løysingane. Me hadde eit friminutt med "boksen av" og litt fotball før me avslutta med at alle fekk steika sine eigne pannekaker på bålpanna. 
Main Image

Bilete 1 av 16