Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Gå til Google Classroom
Lammegryte på verdas matvaredag

16. oktober er verdas matvaredag, og med så mykje heiebeite for sau rundt oss, var det naturleg for Sinnes skule å seia ja når Sirdal bygdekvinnelag ville markera dette. Det passa fint sidan 6. klasse og Anne Grethe har mat og helse på fredagar, og dei gjekk i gang med skrelling og kutting av rotgrønsaker frå morgonen av. 

Lammekjøtet var gjort klart av Tone frå bygdekvinnelaget, og dei fekk hjelp av Helin og Siri i løpet av dagen.

Lammegryta skulle vera ein smaksprøve, men med rikeleg mengde kjøt som utgangspunkt, fekk alle smaka, og mange ynskte påfyll, for maten fall verkeleg i smak. Tusen takk til både elevar, lærar og bygdekvinner!

Som de kanskje har sett tidlegare, tjuvstarta me på måndag då det var partering av lam og bruk av heile dyret, og Noregs bygdekvinnelag er svært opptatt av å nytta alt på dyra og å nytta eigne ressursar, men kvifor er lam ein nasjonal matskatt?

• Kulturlandskap. Lam nyttar dei lokale beiteressursane, dei gjer gras og plantar om til verdifull menneskemat og held kulturland- skapet ved like. Mange planter, fuglar og dyr er avhengige av det opne landskapet som sauen produserer.

• Lokal mat er bra for miljøet. Dei aller fleste lam går saman med mor si, søya, nesten heile livet. Søyer og lam beitar fritt ute der dei et gras, urter og småplantar, og lever difor eit godt og naturleg liv. Lammekjøt er både mørt, smakfullt og enkelt å lage. Lam som beitar ved kysten, på fjellet og i innlandet har alle sin særeigne smak.

• Sjølvforsyning. Noreg må i solidaritet med andre land- og for å trygge eiga befolkning, ha ein eigen matproduksjon. For å ha eigen mat- produksjon i framtida, og behalde bonden som kan gje kunnskapen vidare til neste generasjon, må vi kjøpe norsk mat. 

• Sau har vore ein viktig del av hushaldet i Noreg sidan vikingtida, og er viktig del av den norske kulturarven. Det er 13 500 gardsbruk som har 906 000 søyer i Noreg. Det vil si at medel flokkstorleik er på 67 søyer. Sauehald er difor i all hovudsak ei små- brukarnæring og ein viktig årsak til at det bur folk rundt omkring i bygde-Noreg.Bli med! 

• Av Noregs landareal er berre tre (3) prosent dyrka mark og heile 95 prosent utmark. Av dette eignar 45 prosent seg som hus- dyrbeite. Her kan beitedyr som sau, geit og storfe ete store delar av året.

Main Image
Bilete 1 av 7