Meny
Framside
1. og 2. klasse
3. og 4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
Gå til Google Classroom
Peparkakebygda 2020

Biblioteket og bygdekvinnelaget trudde mange hadde god tid til å laga peparkakehus, men det var "berre" åtte som ville stilla byggverket ut på Sinnes. Kanskje pga. smittesituasjonen.

Variasjonen var stor, alt i frå hundehus til stor pakke til spark til sjuspann med slede og Hilleknuten med tårn. Eitt av dei første bidraga var tømmerhytta til Signe og moster, og dei vart trekte ut som vinnarar. Gratulerer! Det var berre førstnemnde som var til stades og kunne ta imot premien.

Juletrefestdeltakarane i 1.-4. klasse var rungande samde om at det må bli bygd neste år òg, så då veit de kva de skal gjera tidleg i desember i 2021. 

Main Image
Bilete 1 av 6