Meny
Framside
1. og 2. klasse
3. og 4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
Gå til Google Classroom
Teikneserieprosjekt på mellomtrinnet

To veker i januar slo mellomtrinnet seg saman for eit prosjekt med fokus på teikneseriar. 

Me danna grupper på tvers av klassane, og nytta norsk- og engelsktimane til prosjektet.

Me hadde felles oppstart i gymsalen med litt innføring i kva ein teikneserie er, litt eksempel på ulike teikneseriar og litt utprøving av korleis ein kan teikna ein enkel karakter til sin serie.

No, nokre veker seinare, er resultata klare, og dei vil henga på austveggen ved gymsalen og biblioteket ei stund framover for dei som vil sjå. Her er mykje flott og kreativt arbeid å bivåna.