Meny
Framside
1. og 2. klasse
3. og 4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
Gå til Google Classroom
Uteskule 5. februar

6. klasse avslutta prosjekt om samane med uteskule i flott vintervêr. 

Me hadde ein halvtime inne på starten av dagen og laga deigen til gahkko, som er eit samisk brød. Samarbeidet var på topp då bålplassen vart laga, og medan me venta på bålet, gjennomførte me ei oppgåve som me hadde planlagt på førehand i matematikk: Kva er sannsynet for å treffa blikkboksen med snøball på ca. 4 meters avstand? Det enda med resultatet 15 av 90 treff. Etterpå hadde me osteskive og pølser på bål og noko varmt å drikka. Me steikte gahkko på bål, og Vetle hadde med seg tørka reinnakke som alle fekk smaka, anten kald eller varma på bålet. Det smaka veldig godt. Då magane var fylt opp, fekk me øva oss på å kasta lasso, og det var veldig kjekt å kunna bruka lassoringane som me laga tidlegare i veka. Mange fekk det godt til etter kvart og trefte rett som det var reingeviret. Vinden som kom etter kvart, gjorde òg at me fekk kjensla av å stå midt ute på vidda. Dagen vart avslutta med at me skulle finna 26 postar med spørsmål frå det me har lært om samane dei to siste vekene, og her var det heldigvis mange rette svar. 

Main Image
Bilete 1 av 14