Meny
Framside
1. og 2. klasse
3. og 4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
Gå til Google Classroom
SjakkMat

Då er sjakkturneringa for våren 2020/2021 i gong...

Fram til 18. mai skal mellomtrinnet gjennom eit utal med parti i matfriminutta måndag, tysdag, torsdag og fredag.

I dag synte deltakarane både motivasjon og konsentrasjon i partia sine, då me tok til med fyrste dag med speling.

Det vert seriesystem med 2 poeng for siger, 1 for remis og 0 for tap.

Så når hurraropa roar seg, og ein nok ein gong kan høyra fuglesong i skogen i den litt forseinka våren vår her oppe, vil me òg ha kåra ein SjakkMat-meister 2020/2021.