Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2026><<
mars 2026
mtotfls
23242526272801
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272829
30310102030405
Gå til Google Classroom
Sjølvberging i symjebassenget

1.-4. trinn har hatt opplæring i korleis ta på seg ein redningsvest rett. Dei måtte sjekka rett storleik og korleis strama godt nok. Alle måtte detta uti vatnet med genser, bukse, sko og redningsvest og greia å gjenvinna kontrollen og koma seg opp på land. Alle fekk prøva redningsvesten i forskjellige storleikar, og dei var einige i at det var svært ubehageleg med for stor vest.

3.-4. klasse fekk i tillegg prøva seg på detta uti utan redningsvest med klede og symja 10 meter på magen, flyta, symja 10 meter på rygg og ta seg opp land. Dei som hadde på seg sko, måtte spenna dei av seg undervegs då det blei for tungt å svømma med.

Heile småtrinnet likte symjetimen veldig godt der dei fekk øvd seg på sjølvberging etter at dei har falle ut i vatnet, samt å bli redda med livbøye eller ein forlenga arm. Dei fekk óg redda kvarandre.
Main Image
Bilete 1 av 38