Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Gå til Google Classroom
Overnattingstur til Heigrefoss

Førre veke frå torsdag til fredag fekk me reist på den årlege overnattingsturen med heile skulen. 

Torsdag 26. august sykla mellomtrinnet og ungdomsskulen ivrig avstad frå Sinnes skule innover mot Heigrefoss. Småtrinnet fekk bittelitt hjelp på turen, og blei køyrde inn til bommen av Bjarne, og starta sykkelturen der. Det blei ein stopp ved Ånghellervatnet der elevane fekk seg ein matpause.

Med så spreke elevar, tok det ikkje lang tid før heile skulen kom fram til Heigrefoss. Telta var raskt på plass, og etter kvart var det tid for aktivitetar. Halve gruppa skulle rotera mellom postane på land som var lærarstyrte, medan den andre halvparten skulle i kanoane. Uheldigvis blei det litt meir vind enn venta, så gruppene fekk aldri tid til å kikka på meir enn ein av dei seks postane. For nokre var det meir enn nok å halda seg i kanoen! Etter ca. 1,5 time bytta gruppene. På ettermiddagen var det tid for grilling, og fleire av foreldra kom inn på besøk. Det var god gang i elevane som heldigvis hadde meir enn nok plass til å boltra seg på. Etter kvart reiste foreldra heim og det var leggetid.

Det blåste godt på natta, men dei fleste fekk sova. Vinden halde fram utover fredagen, og sola som var lova, gøymde seg bakom skyene. Småskulen fekk pakka saman og starta på sykkelturen heimover. Mellomtrinnet og ungdomsskulen var spreke nok til å rekka ein topptur før dei starta på turen heim att. Elevane var minst like spreke på vegen heim att, og nokon fekk lurt til seg ein liten test av den nye banen før den offisielle åpninga på måndag. 

Takk for turen!

Main Image
Bilete 1 av 25