Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Gå til Google Classroom
Sinnes skule-valet 2021

Denne veka har mellomtrinnet og ungdomsskulen drive valkamp på skulen. Det har vore ei hektisk veke, med engasjerte elevar og mykje aktivitet. Men: Kven vann?

Fredag førre veke blei elevane delte inn i parti, utan omsyn til kven dei eigentleg var einige med. Nå måtte gruppa gå saman, bli einige om kven som skulle vera partileiar og førebu seg til valkamp. Elevane har mellom anna laga plakatar, sett på debattar, laga valprogram og laga stand. I dag blei småskulen inviterte til valkamp.

Kvart parti hadde kvar sin stand, og var godt førebudde til å overtala dei yngste elevane. Partia visste tydeleg korleis dei skulle lokka til seg veljarar, for det var ikkje måte på kva godsaker dei kunne lokka med. Det var popkorn, saft, brownies, eple i fleire former og til og med sukkerspinn! Etter at alle elevane hadde fått litt av kvart å knaska på, var det tid for debatt. Kvar partileiar starta med eit innlegg for å fortelja kva dei stod for, og dei andre elevar stilte spørsmål undervegs. Elevane var utruleg flinke både til å stilla spørsmål, og svara! Etter debatten var det tid for å stemma.

Kvar elev fann ein stemmeseddel som dei putta i valurna. Kven blei så vinnarane av valet? På tredje plass kom Miljøpartiet De Grønne, og faktisk enda det med ein delt førsteplass! Senterpartiet og Arbeiderpartiet fekk like mange stemmer kvar! Gratulerer til vinnarane, og takk for supergod innsats til alle partia! De har vore utruleg flinke!

Main Image
Bilete 1 av 29