Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Gå til Google Classroom
Scones med 3.-4. klasse

Skuleåret  første onsdagsskule blei brukt til tre timar mat & helse for 3.-4. klasse. Dei laga scones etter nøye gjennomgang av ord i oppskrifta. Det måtte lesast mykje mellom linjene, for rett reiskap måtte finnast fram. 

Zest blei dagens ord som alle i 3.-4. klasse no har lært. Usikker sjølv? Les oppskrifta og nyt bilda. Resultatet blei perfekt etter mykje gris undervegs. Iherdig innsats av alle.

Scones
16 stykker


750 g kveitemjøl
35 g bakepulver
150 g smør
75 g sukker
½ sitron
½ appelsin
5 dl kulturmjølk


Mjølk til pensling


Bland romtemperert smør, sukker, saft og zest frå sitron og appelsin. Zest er det gule heilt ytterst på skalet, som du riv med den finaste raspen på eit rivjern. Ytterst på skalet sit det mykje god smak, og får du med for mykje av det kvite, blir smaken litt bitter. Bruk hendene når du smuldrar og knar kveitemjøl, bakepulver og smørblandinga godt saman. Bland inn kulturmjølk til slutt. Strø godt med mjøl på bakebordet og hell deigen ut av bollen. Strø litt mjøl på toppen av deigen før du formar han til ein firkant som er omlag 3-4 cm tjukk. Denne firkanta deigen deler du i 16 bitar som du legg på ei bakeplate med bakepapir. Pensle sconsa med litt mjølk før du set plata midt i omnen og steiker på 175 grader i 15-20 minutt.

Scones skal ha ein gyllen og fin lysebrun farge. 

Main Image
Bilete 1 av 12