Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juli 2022><<
juli 2022
mtotfls
27282930010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Gå til Google Classroom
Helsesista på Sinnes skule

Sinnes FAU inviterte, og 24. og 25. mai hadde Helsesista, Tale Maria Krohn Engvik, føredrag for høvesvis foreldre og elevar i 7.-.10. klasse.

Helsesista er opptatt av å våga å vera, både om ein er ungdom eller vaksen, både når ting er vanskelege og ting går bra.

På foreldremøtet viste ho både storyar som mange kan kjenna seg att i, kom med råd og fortalde om jobben som Helsesista på sosiale medium. Det vart både humor og alvor for dei 40 foreldre, lærarar og barnehagetilsette som var til stades, og oppfordring om å vera varmt nysgjerrig.

Mange nytta sjansen til å kjøpa både boka for ungdom og boka for vaksne, og alle fekk signatur og ein koseleg tekst med på kjøpet. ‘’Ved å våge å lytte, våge å sette grenser, våge å slippe fri og våge å være en trygg voksen når livet endrer seg - eller når livet gjør vondt - kan du gjøre en forskjell.’’ står det på vaskesetelen til Våg å være voksen. Kanskje ekstra viktig i desse tider.

Dagen etter var det føredrag for elevane. Dei hadde skrive brev til ho på førehand som ho tok utgangspunkt i. Ho tok seg god tid, og syntest det var ein super gjeng, så dei avslutta med ein gruppeklem alle saman. Etterpå har ho fått ‘’flere skikkelig fine meldinger fra de gode elevene’’, og helsar til alle saman!

Det er ikkje alltid så lett å finna fram, men sidan Helsesista ikkje tok kortaste vegen frå Sola til Sinnes, fekk ho sett (mest) heile dalen og vore m.a. innom bakeriet på Tonstad. ‘’Kjøreturen hjem den andre veien var såååå nydelig! Så frodig og vakkert.’’ Noko som vart dokumentert på sosiale medium etterpå.

Tusen takk for besøket og jobben du gjer, Helsesista!