Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juli 2022><<
juli 2022
mtotfls
27282930010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Gå til Google Classroom
Sjekk kyrkja

I dag tok 3. og 4. klasse syklane fatt, og trakka avgarde mot kapellet på Kvæven for å "sjekka kyrkja".
I kyrkja vart me møtt av Birgitta og Inger Solveig.

Dei tok oss med gjennom kven som arbeider i kyrkja i Sirdal, kva roller dei ulike har, og kva slags kyrkjer me har i Sirdal. Me fekk òg forklart kva alle ting inne i kyrkjeromet heiter, og me fekk jamvel ein demonstrasjon av korleis orgelet fungerer.

Etter litt teori, var det på tide å røra på seg, og me fekk lov å koma opp i kyrkjetårnet, der klokka heng. Det var kjempebratt og kjempehøgt!

Då me kom ned att, hadde det dukka opp ein skatt i kyrkjerommet. Ein 500 år gamal skatt. Bibelen som vart gjeven i gåve til Tonstad kyrkje (den gamle) frå kongen av Danmark-Noreg, Christian III, då han var ny. Denne hadde vore ein tur i Amerika, og vart kjøpt attende til kyrkja i Sirdal i 2017.

Til slutt gjekk me ned i kjellaren og fargela "glas" som skal hengja som vindusdekorasjon oppe i kyrkjerommet.

Deretter heiv me oss på hjula att, og trilla ned att til skulen.

Takk til Birgitta og Inger Solveig for kjekt samvær og mykje god, ny, lærdom!
Main Image

Bilete 1 av 4