Basketball er i vinden som aldri før i Sirdal om dagen. I vår var det foreldremøte med Marco Elsafadi på Tonstad, og i går kom Idrettspatruljen på besøk frå Stavanger for å syna oss kor kult basketball kan vera.
Heile 1.-4. klasse vart samla i gymsalen for ein times intens øving med basketball.
Dei små hendene måtte handtera "vaksne" basketballar, men den oppgåva tok dei, bokstaveleg talt, på strak arm.
Takk nok ein gong til Idrettspatruljen for kjekt og inspirerande opplegg!