Idrettsaktivitetsdag
"Det er aldri for seint", er eit kjent uttrykk. Men når snøen tek til å leggja seg, og hauststormane røsker i husa så det ristar, då er det om ikkje anna i siste liten. Og akkurat det var det i dag, då me fekk 1. - 4. klasse frå Tonstad på besk på Tjørhom stadion og grendehuset.
Publisert: 02.11.2023 19:55 Sist endra: 03.11.2023 12:28 Forfattar: Torger Åge Sinnes
Vervarselet trefte til alt hell ikkje for fullt i dag, og det vart ein fin dag på Tjørhom. Med åtte engasjerte grupper på mange ulike aktivitetar, var det ufatteleg kor fort dagen gjekk. Spora me set, står, i alle fall på Tjørhom, til neste mildvér, men mange fine interaksjonar på tvers av både skular og alder var det utan tvil i dag. Stor ball, brettspel, leik og moro, aking, høgdehopp, 60-meter og den gamle røvaren stille lengde var alle postar på programmet i dag.