Siste fredagen før me
tek vinterferie har skulen hatt engelskdag. Det har vore kjekt!
Elevane starta sjølvsagt dagen med
"assembly" i gymsalen, leia av rektor. Der forklarte ho at me skulle
snakka engelsk heile dagen og minna om kor viktig det er å høyra godt etter når
det kjem ein beskjed. For å øva på dette, hadde me ein liten runde med Simon
says. Me rakk òg å synga ein song på engelsk, før me til slutt delte i grupper
og sende elevane på kvar sine rom. 9. klasse gjekk på kantina og har vore
kjøkkenansvarlege heile dagen, der dei mellom anna har laga engelsk lunsj med
sandwich og te til alle elevane. Dei andre elevane blei delte i fire grupper og
har rotert på ulike stasjonar: Lesing, dramatisering av Little Red Riding Hood, PE (gym) og spel.
Det var veldig kjekt å sjå at så mange elevar hadde kledd seg ut med mørk bukse eller skjørt, skjorte og slips, og at dei verkeleg har snakka engelsk heile dagen. Ein veldig kjekk dag før me seier god
vinterferie!