Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
mai
01
2024
Arbeidaranes dag - skulefritt
Heile dagen
Gå til Google Classroom
Fyrstehjelpsdag

I dag fekk skuleborna frå byen ha skispora i fred, medan me tok ein "kontordag" i klasserommet med fokus på fyrstehjelp.

Me snakka mykje i dag om ulike former for skader som kan trenga fyrstehjelp. Brannsår, stikksår, besviming, drukning, fall, påkjørslar og mykje anna. Me fekk helsa på Henry, ei dokke som er laga i samband med Raude Krossen sitt arbeid med fyrstehjelp for born. Og me lærte litt om kven me skal ringa i ulike høve.

Me fekk òg øvd oss på å legga nokon i stabilt sideleie. Det var lettare enn ein skulle tru.

Og så sjekka me kor på skulen hjartestartaren er. Me såg òg på eit kart på nettet, og fann ut kor det er slike elles her i øvre Sirdal.

Main Image

Bilete 1 av 4