Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
mai
01
2024
Arbeidaranes dag - skulefritt
Heile dagen
Gå til Google Classroom
Alpindag i Ådneram fredag 22. mars

Det blir alpindag på fredag 22. mars. 

Elevane møter til skulen til vanleg tid, og så køyrer me direkte til Ådneram. Heimover kan dei som bur mellom skulen og Ådneram gå av undervegs etter avtale med lærar. Me er attende til skuleslutt.

Elevane må ta med:
- ski, skisko og hjelm (Dei som ikkje har, får leiga eit sett på skulen si rekning, men det er ikkje mogleg å bytta sett i løpet av dagen)
- pølser/pølsebrød eller matpakke og ein sjokolade om du vil
- godt med drikke; saft, vatn og/eller kakao. Skulen tek med juice/mjølk…
- sitjeunderlag
- solkrem

Skulen tek med ketsjup og sennep og står for grillinga. Me vil ha minst ein lærar ved tautrekket og i botn av fjellheisen som elevane kan kontakta om det er noko.
1.- og 2.-klasseforeldra må melda frå til klassestyrar om deira barn kan/får lov renna i det store trekket.

Felles grilling 11.30 ved tautrekket/grillbua. Varmestova er ikkje open, for nå opnar dei trekket berre for oss, så elevane kan ikkje handla mat og/eller drikke eller bli att etterpå.

Me vonar på ein kjekk dag i bakken! 
Helsing lærarane