Verdas bokdag er ein FN-dag som blir markert 23. april. Målet for FN er å markera den viktige rolla bøker har i samfunnet vårt, både når det gjeld språkleg og kulturelt mangfald, utdanning og kommunikasjon.
På skulen markerte me Verdas bokdag med mange ulike aktivitetar. Nokre av aktivitetane var klassevis, men på naturstien var dei delte i grupper på tvers av trinn. Dei største er flinke til å ta seg av dei minste, og det var god stemning. Gjennom dagen fekk dei skriva om og teikna framsida til si favorittbok, lesa sjølv og bli lesne høgt for. Dei fekk òg jobba med ulike kunst- og handverksaktivitetar.
Valfagsgruppa "innsats for andre" laga lunsj til alle elevane. Det smakte med pastasalat og focaccia-brød til.