Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Artikkel
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<oktober 2024><<
oktober 2024
mtotfls
30010203040506
07080910111213
14151617181920
21222324252627
28293031010203
04050607080910
Gå til Google Classroom
Ein sjukt bra tur til Duge!

I år er overskrifta for overnattingsturen tvetydig. Det vart vel sagt at 2/3 av ungdomsskulen var reist heim pga. sjukdom.

Om dei tala stemmer, har me ikkje finrekna på, men at mange, både i småskulen, mellomtrinnet, ungdomsskulen OG lærarar var borte, var merkbart. Undervegs på turen vart òg folk køyrde heim. Ein ting er sikkert. Alle og ein var sakna! Synd var det jo, for det vart ein super tur.

Vermeldingane den siste tida for Duge, i Sandnes kommune, har vore sånn halvvegs, for å seia det mildt. Når me då fekk sol begge dagane, og berre såvidt nedbør tidleg på morgonkvisten i dag, er det berre å senda ein takk til Vidar Theisen og hans kontaktar.

Elevane har vore aktive og deltok på flott og kreativt vis på aktivitetane som vart avhaldne i Sinnes skule sitt eige "Kompani Fidjeland".

Fredagen gjekk med til ein flott troppmarsj til toppen av Svartevatn dam. Nokre tok beine vegen opp, medan andre gjekk "the long and winding road". Målet var det same, sjølv om vegen tidvis var noko ulik, ikkje ulikt det me finn i klasseromma til dagleg.

Då me returnerte til "Messå", vart me møtt av ei diger gryte med god, varm lapskaus. Som bestilt etter at nok fleire kjende litt på at vinden hadde teke godt tak på toppen litt tidlegare. Og då alle var attende på skulen, eller avlevert undervegs, var alle einige om at det hadde vore ein fin tur.

Årets overnattingstur vert dermed vurdert til "over norm" på samtlege deltakarar.

Takk for ein flott tur!

Main Image

Bilete 1 av 39