Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Artikkel
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<oktober 2025><<
oktober 2025
mtotfls
29300102030405
06070809101112
13141516171819
20212223242526
27282930310102
03040506070809
Gå til Google Classroom
Tursdag - allemannsretten

Dagens tema var allemannsrett, og me tok til med ei økt i klasserommet med litt teori fyrst.

Målet for turen i dag var hemmeleg lenge, men undervegs på turen snakka me om innmark og utmark og såg døme på dette. Då me nærma oss målet, måtte me snakka litt om svaberg òg. Og då me etter ein kjapp spasertur i haustsola, kom til Nessetfossen, sprakk trolla, og berre jettegrytene var att i ferskvassvaberga der.

Det dukka opp mange spørsmål om korleis jettegrytene vert lagde, om dei er farlege, kvifor dei både er oppe og under vatn... Og ikkje minst; kvifor heiter det jettegryter?

I same andedraget såg me på ein steinmur på Nesset-sida i fossen som ikkje var ein steinmur likevel. Då kom me inn på litt bygdehistorie i farten. Strålande tur med nøgde og fjåge elevar rett før haustferien.

Main Image

Bilete 1 av 10