Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Artikkel
Tur til Leitet
Tur til Leitet
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2026><<
mai 2026
mtotfls
27282930010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Gå til Google Classroom
Språklæring i naturen

Trass i dystre spådommar om kald vind frå aust frå læraren, så var det vel bortimot det motsette me vart møtt av, då me la ut i frå skulen i dag.

Men fyrst tok me ei kartlegging blant elevane på kvar det er kjekt å gå på tur i nærområdet til skulen. Resultata er plotta inn i eit av dagens bilete. Det er ein turglad gjeng me har!

Dagens økt gjekk fyrst mot "Jørgen me' sjøen", og opp forbi huset og fjoset til Torvald Vik. Me gjorde ein liten stopp i den vesle granskogen bak der og hadde litt gøymsel. Det var mest som me var duer heile gjengen, for plutseleg kom det ein hauk/falk/hubro flygande over oss. Berre eit par meter over hovudet på to duer frå Ousdal som sat under. Fjørdrakta var gulaktig, men det gjekk så fort at det var uråd å oppfatta anna enn at det var ein ganske stor rovfugl. Spanande var det i alle fall.

Etterpå gjekk me til toppen og tok eit klassebilete, før 1. klasse fekk læra tretikken og begge klassane fekk lært "hól i hatten".

Så gjekk me vidare innover Leitet og såg på maurtuene og flytblokkene frå istida som ligg der oppe.

Nok ein gong syner denne flotte gjengen at dei er skikkelege turfolk, for trass i at nokre vart blaute, var det inga klaging... Bortsett frå læraren som stadig masa om ikkje å gå i dei få vasspyttane me kunne finna på asfalt undervegs. :)

Main Image

Bilete 1 av 6