Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<februar 2025><<
februar 2025
mtotfls
27282930310102
03040506070809
10111213141516
17181920212223
24252627280102
03040506070809
Gå til Google Classroom
Natursti

Dagens tursdag fann stad saman med 3. og 4. klasse på Klampen.

Med snø i lufta, men langt i frå så kaldt som me frykta, samla me oss ved skulebua i dag. Mellomtrinnet har laga flotte hytter der, noko småtrinnet nyt godt av. Elevane fann fort saman i smågrupper og tog til å leika. Me fekk fyr (og røyk!) i bålpanna. Nokre fann ut at Oskeladden godt kunne vera ein perfekt leik for dei, medan andre leika ninja, og spionerte på andre.

Karine hadde laga til spørsmål til ein natursti, så etterkvart delte me elevane inn i grupper på 3-4 på kvar gruppe, som dei deretter gjekk frå post til post i. Oppsummering i ring etterpå gav god utteljing, og me må nok justera vanskegrada til neste gong.

Main Image
Bilete 1 av 4