Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<januar 2026><<
januar 2026
mtotfls
29303101020304
05060708091011
12131415161718
19202122232425
26272829303101
02030405060708
Gå til Google Classroom
Allemannsretten

Etter ei GOD markering av Halloween på skulen, tok 1. - 4. klasse turen til Klampen. Tema for dagen var allemannsretten.

Det vart tid til leik og moro i dag, og me fekk fyr på bålpanna der med grilla pinnebrød. God stemning!

Me snakka om innmark og utmark, kor me kan gå, kor me kan sykla, kor me kan ro og ri. Elevane hadde særs god kontroll på temaet, og glimra med gode innspel.

På heimvegen vart det krise om ein kom for langt ut i innmarka... sjølv om me er etter 15. oktober no.

Så vil me òg berre minna om at elevane no må ha med seg varme og vasstette klede.

I dag var det ein del som var kalde i starten. Det kom seg heldigvis etterkvart, men me vil jo gjerne at alle skal ha det fint på tur.

Sørg difor for at eleven har med seg:

- Ullklede

- Varm/vasstett jakke/bukse (alt etter vêr)

- Vottar (IKKJE akryl!)

- Hals (buff) og hue

- Varme/vasstette sko

Main Image
Bilete 1 av 25