Endeleg dukka sola opp att! Det var fantastisk å ta med elevane til Klampen i dag, og ha litt fysisk aktivitet i ei låg haustsol.
På veg ned hadde me innslag frå "NM i gjemsel". Om å gjera å gøyma seg så nære ein kan. Veldig kjekt når det er høgt gras å gøyma seg i.
Då me kom ned på sjølve Klampen, hadde me henta inspirasjon frå "Mesternes mester", og me starta difor med å leita etter ulike gjenstandar rundt omkring i området. 1. og 2. skulle finne ut kor mange det var av kvar gjenstand. 3. og 4. måtte også gjere det, men i tillegg gjere ei utrkning. Kjempekjekt å sjå det store engasjement, og dei ulike strategiane som kom for ein dag.
Så var det 90-gradaren. Sjølvsagt! Fantastisk innsat gjorde at me måtte kåra ein vinnar blandt gutane, og ein blandt jentene. Elles kan det vere at det ikkje hadde vorte helg denne veka.....
Vidare vart det ei fargekodeøving, der ein antan skulle gå fram, bak eller stå stille. Kjempe innsats frå alle også der.
Då gjorde det godt å avslutta dagen med frileik. Nokre fann hoppetau og koste seg masse med det, andre igjen tok til å bygge trehytte.
God helg!