Turen i dag gjekk i medvind ned til Klampen. Me hadde med oss sekken full av fløte, sukker, vaniljesukker, salt og melk....
Det er vel ei underdriving å seia at me kunne valt ein meir passande dag å laga softis på, men det er utruleg kva litt gulrot, eller is i dette tilfellet, kan gjera med motivasjonen.
Leitegruppa fekk òg eit innslag i dag. Me hadde med oss ein vindduk til 10 personar. Og DEN var i alle fall midt i blinken i dag. Som det vart sagt av ein reflektert kar med mjølkedrift i heijen...."Det e utrulig at et telt for så mange persona, kan få plass i ein så liten pose".