Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2026><<
mai 2026
mtotfls
27282930010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Gå til Google Classroom
"I fykende fei, jeg baner meg en vei..."

...heiter det i songen. Og i dag var det akkurat det me gjorde.

Med utgangspunkt i skulen, la me vegen mot Fåråsen. Me tok fatt på tre-kilometeren, svingde inn på fem-aren, før me til slutt fann oss midt mellom furene og furuene på veg i 7,5-kilometeren. Humøret veksla undervegs på same måte som terrenget. Av og til på topp, av og til på botn, men pågangsmotet var like stabilt som ruskeveret. 

Undervegs dukka det opp ei ørn, som forsvann. Før ho plutseleg var på vengene att berre få meter frå oss. I skisporet framom oss gjekk me på restane av eit dyr. Kva det var, er usikkert. For kvitt til å vera hare. Pels som eit reinsdyr. Men reinsdyr i Fåråsen? Kan henda ein katt? Men då passa ikkje pelsen att. Det får vera eit mysterium.

Det som i alle fall er sikkert, er at 5.-7. klasse i dag gjennomførte "oppdrag Fåråsen" til over norm på samtlege. For med 5-10 cm snø over mesteparten av løypa, var det elevane sjølve som laga furene å gå i i dag. Og det står det respekt av! Me trefte eit par turistar på vegen, og dei var mektig imponerte over innsatsen som vart lagd ned. 

 

Main Image
Bilete 1 av 2