Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2026><<
mai 2026
mtotfls
27282930010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Gå til Google Classroom
Skulevegen frå Eigeland til Dorga

Elevane måtte gjera eit val i dag. Fleirtalet bestemte at i staden for tur til Klampen og aktivitetar der, vart det tur til Eigeland for å gå til Dorga.

På årsplanen i tema står det "historiske stader i naturen". Difor var det på sin plass at me sjekka ut kva kulturminne me kunne finna på den gamle skulevegen i Grøneli.

Vegen vart i følgje Agder fylkeskommune nytta som rideveg frå 1848-1871. Det er me ganske sikre på at ikkje hadde fungert i dag. Mange rotvelt låg over stien, og nokre stadar hadde stein kome med i farten.

Men me kom oss fram, opp og gjennom, og fekk oss rett og slett ein fantastisk fin vårtur. Kan henda går det an å koma att seinare for ein badetur??

Dorga kunne dei fortelja oss at dette var skulevegen før, ned til Tveiten. Det var mykje kortare enn å gå andre vegen. Buss var det jo ikkje. Når det flaumde på det verste, gjekk Sira over stien på stiens lågaste punkt før Eigeland. Og dei dagane då det var for glatt og sleipt å gå, vart det ikkje skule.

Ein strålande tur, som kan minna om det beste i utlandet når det kjem til variasjon. Anbefalast på det sterkaste, men ta gjerne med ei motorsag, så kan stien kan henda nok ein gong koma attende til sin fordums glans....

Main Image

Bilete 1 av 3