Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2026><<
mai 2026
mtotfls
27282930010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Gå til Google Classroom
Giđđadálvi er her

Kva årstid me har? Vår? Vinter?....Det blir enklast å nytta samiske definisjonar på årstider, når dei norske ikkje lengre held mål. Og i dag var det skikkeleg giđđadálvi, eller vårvinter på norsk!

Med snøfokket midt i mot, la me vegen innover mot Ankerhaugen og den næraste ansamlinga av seljer me viste om. Vel og merka etter at me hadde hatt ein runde i klasserommet om korleis ein lagar seljefløyter.

Då me kom inn, fann me fort emne å nytta, og elevane vart delte i grupper på 2 eller 3. Så var det å spikka og banka....og vri. Summa sumarum så synte det seg vel at me var hakket for tidleg ute endå. Då gjekk nokre over til gøymeleik i skogen, andre klatra høgt i trea, andre att fann glede i å ha gøymeleiken. Rett og slett imponerande å finna på så pass mykje kjekke aktivitetar i skogbrynet rundt ein parkeringsplass på ein heller traurig dag.

Me let det gå ei veke til, så gjer me eit nytt forsøk på om sevja har krope meir opp langs trestammane.

God helg!

Main Image

Bilete 1 av 5