Lesebingo i 5. og 6. klasse
Publisert: 11.06.2026 11:29 Sist endra: aldri Forfattar: Sandra Åsemoen
I løpet av dei siste ni vekene har elevane på 5. og 6. trinn delteke i lesebingo. Målet har vore å inspirere til meir lesing og gi elevane spennande leseutfordringar gjennom ulike oppgåver på bingobrettet. Elevane har vist stor innsats og lese mykje i perioden. Dei har jobba målretta for å fullføre dei ulike rutene på bingobrettet, og mange har klart å fylle ut heile brettet. Alle som fullførte fullt bingobrett, vart med i trekkinga av flotte premiar.
Me ønskjer å rette ein stor takk til Sirdal Høyfjellshotell og Slottet Sirdal som sponsa flotte premiar til konkurransen. Støtta deira var med på å gjere lesebingoen ekstra motiverande for elevane.