I dag gjekk turen til Klampen. Eller "skulebue" som det også er kjend som.
I lett sommarregn og tidvis sol drog me til Klampen for å sjå om det hadde dukka opp jordeple. Etter litt graving fann me vel ein 5-6 stk til slutt. Det skal vel godt gjerast å klara seg vinteren gjennom på det...
Me fekk klatra ein heil del i tre, og leika ein del saman.
Årets fyrste "båling" stod også på tapeten. Litt røyk vart det, men det endte jo med at me forsøkte å koka desse små jordepla me hadde grove opp.
Diverre var det ikkje lang nok tid til å få full kok. For det må ein jo ha, når ein skal koka jordeple.