I årets utgåve av Skogselskapets "Kongle for ein dag" var både 1. - 4. og 5. - 7. klasse spende i dag tidleg då finalesendinga vart kringkasta frå dei djupe skogar på Elverum.
Spenninga var til å ta og føla på, då Halsan barneskule frå Levanger tok tredjeplassen. 2. plassen fekk Bofstad oppvekstsenter frå Tana kommune. Stemninga var til å ta og føle på då siste lapp vart trekt.
Vinnarar av knivar frå Brusletto og opphald i næraste Høyt og Lavt for heile klassa vart ingen ringare enn 5. - 7. klasse ved Sinnes skule!
Me gratulerer!
Me avsluttar med sitat frå 1. - 4. klasse etter at nyhenda kom:
"DET e det lov å feira!"