Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<november 2026><<
november 2026
mtotfls
26272829303101
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272829
30010203040506
Gå til Google Classroom
0-visjon og Kulturell skulesekk på same dag

Alt skal inn i skulen heiter det, og me prøver så godt me kan på Sinnes. Så difor gjekk me rett og slett for BÅDE 0-visjon og kulturell skulesekk på ein og same dag på tysdag.

Frå 0-visjonen Agder kom Ronni opp frå Mandal og fortalte oss om ferdsel i trafikk, viktigheita av bruk av refleks, sikkerhetssele i bil og hjelm på sykkel. Han engasjerte elevane på ein flott måte, og då hjernemassen tøyt ut i frå demonstrasjonsegget utan hjelm, var det ikkje mange i rommet som tenkte at det er ein lur ting å la hjelmen bli att heime fordi sveisen ikkje skal bli øydelagt.

Grete kom i frå Stavanger og synte oss kortfilmen "Kråkeungen". Den handlar om korleis me skal ta vare på kvarandre og at me er ulike med ulike interesser, og at det er heilt greit! Kjempeengasjerande seanse frå Greta der ho rettleia oss gjennom filmen med bruk av ballettsko og ekte kråkefjører.

Takk til både Grete og Ronni for kjekke opplevingar denne veka!

Main Image
Bilete 1 av 9