Sola strålte om kapp med smila til elevane på ein fantastisk haustdag då me fekk opna eit nytt tilskot til det pedagogiske tilbodet på Sinnes skule måndag 19.10.
Etter eit utsett skuleløp til støtte for årets TV-aksjon, samla heile Sinnes skule seg ved det som me har kalla "Selmabu". Småtrinnet på skulen har i mange år no hatt ei ynskje om å ha ein stad å trekka seg attende til, nært på, om veret skulle vera for gale. Me har òg hatt eit ynskje om å ha ein stad å lagra leikeutstyr så me slepp å dra dette inn i gangen der det jo fort blir ein del sand. Endeleg står resultatet etter mange års arbeid her!
Ingeborg Selma Kvæven er vår representant i Lister friluftsråd. Og det var ho, som saman med Christian Landmark, fekk ordna søknad om pengestøtte (175.000,-) til dette flotte uterommet me no har fått. Det er søkt om tippemiddel og Agder fylkeskommune har vore med på laget.
Litt dugnadsarbeid har det òg vore frå dei føresette. Grunnarbeidet vart gjort av Lars Ingve Sinnes med gravemaskin og traktor i sommarferien. Åtte solide steinar vart plasserte som Sinnes skule sitt Stonehenge, slik at Sten Frøitland og Espen Hægeland kunne koma og setja opp bygget i løpet av tre effektive dagar i veke 41.
Sjølv elevane har vore med og bidrege når dei har hjelpt til å lossa av materialar då det var levert.
Me er kjempenøgde med dette nye tilskotet til skulen. Her har born og unge, både lokale og ikkje minst tilreisande, fått eit tak over hovudet å stå under, og litt le for dei verste vindkasta om det er behov for det.
No er det opp til oss å tilpassa det til vårt bruk.
Me vonar alle besøkande kan vera med å bidra til at Selmabu vert ein god stad å vera til alle årstider, i all slags ver.
Velkomne skal de vera!