Det er langt i frå kvart år me opplever slike tilstandar som dei siste dagane. Difor måtte me smi mens isen var hard denne veka, og testa skeiseferdihetena våre.....to dagar!
Sinnesvatnet baud på fantastiske tilhøve med speilblank is (bokstaveleg talt) og vindstille. Me såg ein på sykkel, ei med barnevogn, og ein spark på isen medan me var der.
På fredagen hadde skyene funne det for godt å venda attende, etter lang tids fråver. I tillegg fekk me ein sur vind ned frå Hilleknuten. Men flesteparten hadde godt med klede på i dag, og koste seg likevel på isen.
Det var nokre skuffa skøytesjeler som måtte innsjå at festegheitane var over, då me måtte pakka bruskassane og returnera til skulen.
Men du og du for nokre opplevingar og læringsaugneblink me har hatt. Masse samarbeid med å hjelpa kvarandre. Haugevis av mestringsaugneblink over å få til ting....dette var stas greier!