Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Sirdalsvegen 7352 4443 Tjørhom
Telefon: 94521258 Send e-post til oss
Rektor: Åse-Berit Fidjeland
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2026><<
april 2026
mtotfls
30310102030405
06070809101112
13141516171819
20212223242526
27282930010203
04050607080910
Gå til Google Classroom
...alle fugler synger, jeg gjør like så....heiter det i songen. Me gjekk difor avgarde for å kikka etter fuglar og vårteikn på fredag. Me har ein bjørkekvist som gjev oss sevje. Den fekk me smaka på. På Rubetødnane fann me ei eng med hestehov som hadde eksplodert i vårsola, før me la turen ned til Øyne. Der fann me ei beverhytta, og nokre forsøkte, dog ganske ufrivillig, å sjekke om beveren var i vatnet. Fossekallen glimra med sitt fråver.

Torsdag 23. april markerte me Verdas bokdag på Sinnes skule. Mellomtrinnet og ungdomsskulen starta dagen med forfattarbesøk og etter lunsj hadde heile skulen ei bokløype med ulike aktivitetar. 

Kva årstid me har? Vår? Vinter?....Det blir enklast å nytta samiske definisjonar på årstider, når dei norske ikkje lengre held mål. Og i dag var det skikkeleg giđđadálvi, eller vårvinter på norsk!

Betre seint enn aldri... Fredagen før påske vann 2. klasse gullbrettet! Vel fortent og godt jobba med å halda klasserommet ryddig i mars.

Elevane måtte gjera eit val i dag. Fleirtalet bestemte at i staden for tur til Klampen og aktivitetar der, vart det tur til Eigeland for å gå til Dorga.

Vips, så var påska her. På torsdag denne veka vanka det difor påskeegg nede på Klampen.